I vår underviste eg ei veke på faget «handverk og skaparglede i naturen» på Friluftsliv i Bø, høgskulen i søraust Norge. Det var ei fantastisk veke med ein flott gjeng med studentar!
Denne veka var me ute i skogen heile veka og telgja. Fyrste dagen starta me med smørkniver og steikespadar for å kome i gang med treet og reiskapen. Me fant materiale i skogen der me var, og hadde fokus på didaktikk. Så gjekk me vidare til skei eller sleiv, og arbeida mykje med form og funksjon. Sliping av verktøy, og materialval i skogen var også tema. Siste dagen arbeida me større og meir fysisk, og laga krakker, benker og trau.
Fleire interessante tema og spørsmål dukka opp under veka, her er nokre:
- Kva gjer det med oss menneske å vere saman og gjere ulikt handverk? Korleis er det sosiale samhaldet og dynamikken gruppa?
- «utan handverk er me berre turistar i naturen»
- Kvifor er det viktig å ta med folk ut og lage ting i dag? Me kan jo kjøpe alt me treng!
- Kan handverk vere med på å inspirere menneske til berekraftige haldningar?