KURSKALENDER SUMAR 2026:








JULI
8. Juli: Seljebark
kl 10.00 – 1600
1300kr, materialer 250kr.
9. Juli: Seteflett
Kl 10 .00 – 16.00
1400kr + 300 kr materiale (sjøgress)
Ta med eigen stol/ krakk eller bestill ein hos Krokvokst på førehand. (send bilete av din stol på epost før kurs.)
11. juli Pileflett: veske/ korg
Kl. 10.00 – 1800
1600 kr + materialar 300kr (lunsj inkludert)
12. juli Neverboks
kl 10.00 – 17.00
1700kr + 250 kr materiale. (Lunsj inkludert)
SEPTEMBER
5 – 6 September
Kurs i Oval sanke/piknik korg.
2 dagars kurs i pileflett.
Kurset blir organsisert i samarbeid med Norges sopp o g nyttevekstforening, og det blir i Øvrebø. Meir informasjon kjem.
Informasjon om kurs framover:
Velkommen til sumarkurs hos Krokvokst! Kursa blir enten på verkstaden i Oterholt, eller ute i hagen på Vreimsida om det er fint vær! Meir informasjon kjem når det nærmar seg.
Dette blir nokre av dei siste kursa i Bø, då me er på veg til å flytte til Kristiansand! Det er veldig vemodig og rart å flytte frå Bø som me er så glad i, men nye eventyr ventar litt lenger sør!
Eg kjem til å behalde verkstaden i Bø inntil vidare, og det blir kanskje mogleg med nokre sporadiske kurs i Bø også framover, men eg blir nok mest aktiv i Kristiansand frå august 2026!
(Er forresten på utkikk etter verkstadplass i Kristiansand, alle tips mottas med takk! Me kjem til å bu i Nordtjønnåsen i Vågsbygd, så gjerne i nærleiken der, men er opne!=))
Levende pil til hage

Er du glad i grøne rom, pil og hage? Pil er ei veldig fin plante til hagen, både for vaksne og barn. Eg har litt levande pil til hager kvar vår, og sel levende pil i mars/april / mai så lenge lageret rekk!
Pris levande pil: 15 kr per vidje.
Flettepil

Vil du kjøpe tørr flettepil til kurvmaking? Me har mange sorter pil i ulik storleik og farge.
Ta kontakt på epost, så finn me det beste til ditt fletteprosjekt!
Kunst

Ville plantar, vatn som flyt, og venger som lyfter sjela.
Bileta er eksperimentelle samtidsakvarellar, fulle av liv, flyt, levande vekstar og ville vesen. Bileta dreg inspirasjon frå dypøkologien, livskreftene, morskap, vatnet, og den evig foranderlege naturen.
Hei!
Eg er Mari Fallet Mosand, frå Rauland, og har drive handverksbedriften Krokvokst i over 10 år.
Eg har jobba mykje med formidling av handverk, blandt anna i skule, kulturskule, USN og gjennom ulike kurs. Eg vil inspirere fleire til å bruke sine eigne hender, til skaparglede, og å skape vakre gjenstandar med lokale naturmaterial, med respekt for natur.
Eg håpar du vil prøve sjølv, og får glede av nokon av mine nettkurs!







KLIKK HER FOR Å SJÅ NETTKURSA!
Nytt frå nettbutikken
-
Mindre neverboks til turkaffe, eller snackskr600.00 -
Stor neverboks (1,5 liter)kr1,500.00 -
Stor neverboks (2 liter)kr1,800.00 -
Stor neverboks (3 liter)kr2,200.00 -
Ryggsekk i pil.kr2,400.00 -
Stor vedkorgOpprinnelig pris var: kr3,500.00.kr2,500.00Nåværende pris er: kr2,500.00. -
Rund korg med trehandtakkr1,500.00 -
Serveringsbrett i pil og Almkr1,200.00 -
Serveringsbrett i pil og villkirsebærkr1,200.00 -
Korg med trehandtakkr1,100.00
Trehandverk, kurvmaking, pil, spikking, tradisjonshandverk, handverktøy, lokale naturmaterial, kunst, kurs og ei stor kjærleik til naturen!

Handlaga produkt er meir enn berre eit produkt. Det er kjærleik, kreativitet, og heilt unikt. Det er produkt der kvar gjenstand fortel ei historie. Ei historie der spor frå skogen, handverkaren og verktøyet framleis er synleg.




























KLIKK HER FOR Å SJÅ NETTKURSA!
Materialepakker og verktøyskit til nettkursa finn du under «Butikk».
