Kurs

KURS VÅREN 2024

eg har ikkje satt opp kurskalender enno for våren, fordi eg jobbar med ferdigstilling av 3 ulike nettkurs som kjem i løpet av februar. Det blir kurs i

  • Korg/ veske
  • Neversveiping
  • Seteveving

Kursa blir ferdiginnspillte kurs du kan ta i ditt eige tempo, og eg viser mange ulike måter å gjere prosjekta på, slik at du kan variere teknikk, storleik og form. Det kjem fleire mindre kurs etterkvart i løpet av våren, så følg med!

Fysiske kurs 2024

22 – 23 Mars: Veske / Korg.

Seljord Husflidslag, påmelding dit.

Eit veske korg kurs med litt ekstra god tid, så eg legg opp til at de lærer å lage katalanske fat og såpeskåler i tillegg til korga.

Fredag kl 18.00 – 21.00 Laurdag 10.00 – 17.00

Wild weaving, 20 Juni, på Sløydfest i Seljord. (påmelding dit)

På kurset korg på trebunn skal me flette ei korg der me eksperimenterar med mange ulike flettematerial frå Norsk natur. Det kan vere; pil, bjørkeris, siv, gras, sjøsivaks, bast ++

Til botn brukar me tre, og gjerne resirkulert materialer som kan sages til ulike størrelsar og formar. Det blir også mulighet for å male botn med linoljemaling og jordpigment.

Dette kurset passar perfekt for deg som er nybyrjar i korgfletting, og kunne tenke deg å lære noko du kan flette heime. Det blir stor mulighet for kunstnerisk tolkning, utforming og eksperimentering.

Skeispikking for nybyrjarar. 21 juni på Sløydfest. (påmelding dit)

På dette kurset lærer du å spikke ei vakker skei i tre. Eg tar deg med på heile prosessen frå ferskt tre, til ferdig produkt. Du lærer om treets anatomi, basis håndgrep og spikketeknikkar, bruk av sag, øks, spikkekniv og skeikniv.

Det er mange ulike måtar å spikke skeier på. Eg viser deg teknikkar som ikkje er av dei «mest avanserte».

Me skal gå gjennom prosessen frå stokk til skei; me lærer om val av emne, sager opp stokken i

passelege lengder, kløyver med øks, og grovformer med sag og øks. Så spikker me vidare med spikkekniv og skeikniv.

På kurset brukar me rettvokst emne i fersk bjørk og selje. Du får med deg fleire emner i ferskt tre, så du kan fortsette å spikke etter kurset.

Velkommen!

Praktisk info alle kurs;

Der ikkje anna er oppgitt blir kurset på verkstaden min ved Bø museum. Det er berre plass til 5 stk på kurs, som betyr at alle får god oppfølging og hjelp, 😊 og at det kanskje er lurt å vere tidleg ute med å reservere plass. Eg lagar økologisk lunsj. Informer om eventuelle allergener.

Påmelding til krokvokst@outlook.com.
Påmelding til alle kurs er økonomisk bindande når det er 14 dagar til kursstart. Eg sett opp venteliste på fulle kurs og om nokon må avlyse forsøker eg så godt det let seg gjera å bruke ventelista.

Adkomst: Oterholtvegen 148, 3803 Bø. Om de køyrer (inn Haugsagvegen) til den store parkeringa ved museet, kan de ta inn neste innkjørsel til høgre, før vegen heller nedover mot fossen. Der ligg eit grått bygg rett over fossen.

 

Pileflett: veske/korg

Dette er eit litt lenger 1. dags kurs der me lager ei veske/korg i pil med lærreimer eller anna handtak. Korga tar utgangspunkt i ein firkanta botn, som gradvis oppover korga blir ei oval form. Teknikken er inspirert av Katalanske korger. Dette er eit veldig interessant og flott prosjekt, som kan varierast mykje i forhald til størrelse, form, fargar, fletteteknikk og funksjon. Ein kan montere to handtak i lær, eller eit lenger til å bli skulderveske, eller lærgreip på sidene til større korger. Det er også mogleg å lage eit handtak i pil eller tre i staden for lærreimer.

Kurset passar fint til nybyrjarar. Om du har vore på pileflett kurs før og fletta korg på rund botn, vil dette vere eit fint kurs for å lære ein annan, og litt meir effektiv måte å bygge opp ei korg på.

Pris: 1500kr + materialer 250kr, lær 50kr. Lunsj er Inkludert.

Korg på trebunn.

(Nytt kurs!: Kursbeskrivelse og foto kjem!)

  • Nytt kurs i haust!
    Eit fint kurs for nybegynnere, og for deg som vil flette heime, sidan teknikkane er mogleg å hugse etter endt kurs😉 Korgene me lærer å flette på dette kurset kan varierast masse i storleik, materialer og utforming! Du kan rekke å lage fleire små korger eller ein stor.
    Kl 10.00 – 17.00. Pris: 1300kr + materialar 250kr. Lunsj er inkludert.

Pileflett 2 dagar.

Har du lyst til å lære å flette ein soppkorg, handlekorg, vasketøyskorg, vedkorg eller anna?

På dette kurset vil du lære basis fletteteknikkar for å planlegge og flette ei korg i pil, men andre naturmaterial kan også brukast.  (Dette kurset går litt meire i dybden ifht. veske/korg kurset som er på ein dag.)
Me startar med å flette ein rund botn, og held fram med å sette inn stakar og flettar sideflett (veggar) med ulike teknikkar, mønster og fargar. Til slutt lagar me kant og handtak. Det blir gjennomgått fletteteknikkar til korger med rund botn som utgangspunkt som har mange variasjonsmoglegheiter i tradisjonelle eller moderne design. Sjølv om utgangspunktet er likt blir det alltid mange ulike korger med ulike funksjonar i løpet av eit kurs! Kurset passar fint til nybyrjarar og litt erfarne. I forhald til 1 dags kurset i korgfletting er teknikken litt annleis, sidan me startar med ein rund botn i staden for firkanta, og variasjonsmulighetene er kanskje enda større på dette 2 dagars kurset.

Sjølv er eg veldig glad i korgmaking fordi ein gjennom kunnskap om teknikkar og  materiale blir i stand til å gå i naturen og skape vakre funksjonelle ting, berre ved hjelp av enkle verktøy og eigne hender. Korgmaking er eit veldig gamalt handverk, det er moro, og ein blir fort hekta på variasjonsmoglegheiter i desse vakre naturmateriala! Velkommen!

Pris: 2500 + materialar 300kr. (inkludert lunsj)

Neverboks

Har du lyst til å lære å lage vakre og solide boksar eller fat i never?

På dette kurset lærer du ein gamal handverksteknikk og brukar lokale naturmaterial med mange moglegheiter.

På kurset lærer du korleis ein kan lage ein funksjonell og vakker boks, heilt utan bruk av lim eller spiker. Kva med ein matboks i never, ein boks til turkaffien, nøtter, musli, eller eit brødfat med tægerkant?

Me syr fyrst saman eit for til boksen i never. Så lagar me utsida med eit nytt lag never, og nyttar ein spesiell låseteknikk for å sette saman boksen. Så lagar me eit band i never oppe og nede, for å forsterke boksen enda meir. Til slutt lagar me ein botn som me festar med trenagler, og eit lokk, eller kant i tæger (bjørkerøtter). Blir det tid lærer eg gjerne vekk ulike dekorteknikkar til lokket som enkel treskurd eller måling med jordpigment.

Du bruker i hovudsak handverktøy på kurset. For å forenkle nokre arbeidsprosessar kan me bruke bandsag og pussemaskin (sage lokk med vinkel). Om du ikkje ynskjer å bruke maskinar er det ingen problem, eg hjelper deg, eller me brukar handverktøy som sag og kniv.

Neversveip er eit gamalt tradisjonshandverk, og det ferdige resultatet blir solid og haldbart.

Nevera er sanka lokalt i Bø i Telemark. Visste du at noma brukar sveipa neverboksar til smør på restauranten sin? Never inneheld betulin verkar konserande på matvarer. Eg trur never kan få ein ny renessanse i våre dagar, fordi det er så solid og haldbart, og eit utruleg godt alternativ til plast. Velkommen på kurs!

Pris: 1500kr + materialer 200kr. Lunsj er Inkludert.

”Nävern er formbar, stark, röttålig och vattentät, den andas och flyter. Den luktar inte och sätter ingen smak. Den är förnybar och växer lokalt – på Sveriges tredje vanligaste träd…”) (Hemslöjd nr 1 2019)

Veve stolsete

Har du ein gamal jærstol med øydelagt sete? Eller har du lyst til å lære å veve eit stolsete til ein gamal stol eller krakk du har heime eller har funne på loppemarknad, eller ynskjer du å flette eit sete til ein vakker krakk i ask eller hassel?

På dette kurset lærer du grunleggande teknikkar for å flette eit solid sete i materialet sjøgras i teknikken planflett. (som eg meiner er den vakraste og mest solide setevevingsteknikken.) Teknikken kan varierast i mange ulike mønster.

Materiale: På kurset brukar me sjøgras, men teknikken kan og nyttast til veving med papirsnøre (dansk design stoler) sisal, hamp eller gamle filler (litt som filleryer!) Du blir ferdig med eit sete i løpet av kursdagen, og du tar med deg kunnskap til å vidareutvikle teknikken heime.

Pris:1200kr for kurs + 300kr materiale (sjøgress). Lunsj inkludert. Stol/krakk må tas med eller bestilles.

OBS: ved påmelding: ta bilete av stolen eller krakken du vil veve sete på og sendt til meg så kan eg vurdere om det let seg gjera. Stolen bør ha 4 runde, ovale eller firkanta sprosser som me kan veve utanpå. (sjå gjerne foto av krakkane eg lager.)

Vil du kjøpe ein krakk av meg må du bestille på førehand. Eg sel solide krakkar utan sete med og utan bark.

Krakker med bark: (Krakk i Hassel  med setesprosser i ask. )
1500kr (rektangulært, 45 cm høg, sittehøgde vaksen)
1200kr (Kvadratisk, 35 cm høg, barnekrakk, peiskrakk, fotskammel)

Krakkar utan bark: (Krakk i ask.)
2000kr (rektangulært, 45 cm høg, sittehøgde vaksen)
1500kr (Kvadratisk, 35 cm høg, barnekrakk, peiskrakk, fotskammel)

Katalansk korg

På dette kurset lærer du å flette ein spesiell korgtype: ei katalansk korg med snoet hank og kant. Korga er oval, og det er satt inn splitta staker i tørr pil i veggene. Den nederste kimningen er også litt spesiell med ein bølgete utrykk. Dette er ei kjempefin og solid korg å flette, med fleire teknikker å lære. Ein kan variere utrykket ein del med ulik farge på pil og storleik på korg.

Kurset passar til nybegynnere, men erfarne flettere vil lære eindel nytt om du ikkje har prøvd denne korgtypen før.

Sjølv er eg veldig fasinert av korgmaking fordi ein gjennom kunnskap om teknikkar og  materiale blir i stand til å gå i naturen og skape vakre funksjonelle ting, berre ved hjelp av enkle verktøy og eigne hender. Korgmaking er eit veldig gamalt handverk, det er moro, og ein blir fort hekta på variasjonsmoglegheiter i desse vakre naturmateriala! Velkommen!

PS, om det blir fint vær flettar me ute på ein fin plass!

Pris: 2500 + materialar 300kr. (inkludert lunsj)

Krakk i ask med fletta sete.

Lær å bygge ein krakk i ask, og flett eit stolsete til.
3 dagers kurs. Kl 10.00 – 17.00 Fredag, kl 09.00 – 16.00 Laurdag og søndag

Pris:2900kr + materialer 500kr. (Tre 200kr, flettemateriale 300kr)

Lunsj er inkludert på dag 1 og 3.

Har du lyst til å lære å lage ein solid krakk av lokale tre rett frå skogen, og flette eit vakkert sete til?

Kurset tek deg gjennom mange ulike teknikkar innan «grønsløyd» eller «green woodworking». Du lærer å lage eit funksjonelt og solid møbel av materialar rett frå skogen, ved hjelp av enkle handverktøy som sag, øks, bandkniv og bor. Du lærer også mykje om treets anatomi, og tresamanføyningar der ein utnyttar at tre krympar når det tørkar. Dette er ein veldig interessant og smart teknikk brukt lenge før oppfinning av trelim. Me kjem til å vere delar av kurset ute, så kle deg etter veret.

Eg tek utgangspunkt i at alle rekk å lage ein krakk i ask ca 45 cm høg, eller ein barnekrakk eller peiskrakk i ask. Større krakk med fleire sprossar tek litt lenger tid; så utforming avhenger litt av motivasjon/ interesse og erfaring. Dette finn me ut saman. Om du vil jobbe på ettermiddag med eit meir komplisert prosjekt er du velkommen til å bruke verkstaden utenom oppsatte kurstider.

Dag 1: denne dagen brukar me til å sage og kløyve materialar, og me telgjer sprossar og setesprossar som me set til tørking.

Dag 2: me lagar stolbein og set saman krakken. Stolbeina som er i ferskt tre vil knympe rundt sprossene som har tørka litt på førehand.

Dag 3: Denne dagen lagar me stolsetet. Du Kan velje mellom mange ulike mønster i setet, og materialar som papirsnøre, sjøgras eller sisal.

Pris: 2900kr + materialer: 500kr. (Flettemateriale 300 kr, tre 200 kr)

Treskei

Spikking med ferskt tre.

Pris: 1400kr, inkludert lunsj, og materialer/emner til å ta med heim.

På dette kurset lærer du å spikke ei vakker skei i tre. Eg tar deg med på heile prosessen frå ferskt tre, til ferdig produkt. Du lærer om treets anatomi, basis håndgrep og spikketeknikkar, bruk av sag, øks, spikkekniv og skeikniv.

Det er mange ulike måtar å spikke skeier på. Eg viser deg teknikkar som ikkje er av dei «mest avanserte».

Du vil fyrst få eit emne som eg har grovforma på førehand, og du startar å spikke ei skei med ei gong med ein spikkekniv. Dette er for å bli kjent med skeia som form. Etter dette har du eit godt grunnlag for å starte med treet frå skogen. Me skal gå gjennom prosessen frå stokk til skei; me lærer om val av emne, sager opp stokken i passelege lengder, kløyver med øks, og grovformer med sag og øks. Så spikker me vidare med spikkekniv og skeikniv.

Du vil også få prøve å telgje med bandkniv på bandkrakk, eller «spoon mule», og lære nokre enkle dekorteknikkar i treskurd. Om du vil lærer eg gjerne bort sliping av spikkekniv.

På kurset brukar me rettvokst emne i fersk bjørk og selje. Du får med deg fleire emner i ferskt tre, så du kan fortsette å spikke etter kurset.

Velkommen!

Dekorteknikkar på tre

Dette kurset er ei introduksjon i ulike dekorteknikkar på tre, og hovudfokus blir på treskurd / karveskurd og maling med naturleg linoljemaling og jordpigment. Me testar også svipenn, kolrosing, og let oss inspirere av symbol og mønster frå folkekunsten.

Fokus blir å teste ut mest mogleg, du får mange innføringar, og lagar fleire prøvebitar der du testar ut ulike teknikker og verktøy for dekor på tre. Du lærer teknikker som kan brukes på mange ulike gjenstander i tre; skeier, sleiver, sjøler lokk osv.

Me skal bruke teknikkane for å dekorere ei skjerefjøl i heilved bjørk. Du kjem til å ta med deg mange ulike prøvebitar i ulike teknikkar, ei dekorert skjerefjøl, kunnskap, og emner til å fortsette vidare heime etter endt kurs.

Kurset passar veldig bra om du deltar på neversveip kurs, da kan du dekorere lokket på boksen, men det går heilt fint å ta dekorteknikk kurset utan å ha deltatt på andre kurs!

Pris: 1500kr + materiale 200kr. (Inkludert lunsj og emner til å ta med heim. )

Gøy med handverk! Flette og spikkekurs for vaksne med barn.

Dette kurset er for deg som vil ha med deg barn på kurs, som vil lære og gjere noko kjekt saman som både vaksne og barn har glede av!

Eg vil legge opp kurset slik at både barna og dei vasne lærer noko nytt, og kan utforske og lage saman, enten om de vil jobbe med felles prosjekt, eller om de vil lage kvar dykkar ting. Eg har sjølv sakna tilbod der eg kan lære/oppleve saman med eigne barn, for eg tenkjer både vaksne og born har stor glede av å sjå kvarandre oppslukte og interesserte i ein aktivitet.

Gjennom dagen skal me teste ut mange ulike teknikkar og materialar, og de får med materiale til å fortsette heime.

Innhald: Me startar alle med å flette ei korg på trebunn. Dette er eit fint startprosjekt som kan varierast masse i form og størrelse. Det kan bli blyantkorg, korg til sleiver på kjøkkenet, serveringsbrett, korg til leiker, eller små skattar. Både vaksne og barn flettar sitt prosjekt, eller de kan jobbe sammen.

Etter korga finn me fram materiale til å spikke, og her er mulighetete mange. Eg har masse modellar og inspirasjon, og vil lære bort sikker spikketeknikk, bruk av sag og øks. De kan spikke leiker, smørkniv, figurar, skei eller kanskje ein skulpturell lysestake? Tinga kan også målast med naturleg linoljemaling etterpå.

Eg vil fokusere på å tilrettelegge undervisninga etter kva deltakarane har mest lyst til, og sidan det ikkje er så mange så er det god mulighet til å tilpasse inividuellt etter ynskje og inspirasjon. Andre fine prosjekt kan vere å flette katalanske fat, eller kanskje ein trebeint krakk?

Eg er utdanna faglærar i kunst og handverk, og har lang erfaring med arbeid med born; frå skule, dks, kulturskule og ulike kurs.

Målgruppe:

Barn i 2. klasse til 7 klasse. + ein vaksen per barn, så me blir maks 3-4 vaksne og 3-4 barn til saman.

Pris: 1700 for ein vaksen og eit barn, dette inkluderer materialer til kurs og til å ha med heim.

Ta med matpakke.

Eksempel på Andre kurs:

Eg held gjerne kurs i ulike teknikkar. Ta gjerne kontakt om du er interessert i å arrangere kurs, eller delta på eit!

Katalanske fat.

Dette kurset kan tilpassast små eller større grupper menneske. Det kan vere ein fin aktivitet for arbeidsplassar som vil arrangere handverksaktivitet som ein del av «Teambuilding», eller om de er ein vennegjeng som vil gjere noko kjekt saman, der alle ender opp med eit vakkert og praktisk resultat som ein kan ta med heim.
Kurset kan tilpassast tidsmessig i fht innhald, men ein treng minst 2 timar for denne aktiviteten.

Er du gled i bærekrafige naturmaterial?

På dette kurset lærer du å lage katalanske fat. Me lagar fyrst eit fat i pil, me blir kjent med materialet og fletteteknikken. Etter lunsj jobbar me vidare og vidareutviklar teknikken. Det blir no mogleg å bruke ulike naturmaterial som bjørk, selje, rogn, siv, furu, gran, hassel som me finn i lokal norsk natur. Me kan variere fata i størrelse, design og fletteteknikk, og det blir vist mange eksempel på dette.

Dette kurset passar fint for deg som vil lære ein grunnleggande teknikk du kan vidareutvikle med ulike naturmaterial og teknikkar. Du er ikkje avhengig av tilgang på pil for å fortsette etter endt kurs, så kurset passar fint om du vil sanke egne material og lage fat heime. Å lage katalanske fat passar også veldig godt å gjere saman med barn, eller ute i naturen. Å lære å flette desse fata gjev også eit godt erfaringsgrunnlag for å lage større katalanske korger seinare.

Nokre bilete frå tidlegare kurs:

 

 

 

 

Eksempel på kurs

Eg plar sette opp eigne kurs i Bø, men eg reiser også rundt til lag, foreiningar, vennegjengar eller undervisningsinstitusjonar og held ulike kurs. Ta gjerne kontakt om du ynskjer å arrangere eit kurs!

Ulike kurskonsept:

  • Neversveiping. 1 eller 2 dagar
  • Spikkekurs for born
  • Spikkekurs for vaksne
  • Krympeboks. (1 dags kurs + 1 dags kurs minst 2 veker seinare)
  • Flett ei korg i pil med trebotn (dagskurs)
  • Korgfletting ute – Eit to dagars kurs på sumaren der me fletter korger i pil og andre naturmaterialer, i vakre omgivelser.
  • Lær å flette eit stolsete. Flett sete på ein medbrakt stol, eller flett eit sete på ein ny krakk i ask eller hassel som du får kjøpt på kurset. Materiale: sjøgras, papirsnøre eller sisal. (Dagskurs).
  • Lag ein krakk, med vevd sete. Lag ein krakk med emne rett frå skogen, i ask, selje, bjørk eller hassel, lær om treanatomi, samanføyningsteknikkar, bruk av bandkniv, og flett eit sete. (3 dagars kurs)
  • Joleverkstad – lag diverse ting til jul, utelukkande med naturens materialar
  • Små ting i pileflett (lengde og innhald kan varierast)
  • Karveskurd og treskurd
  • Linoljemaling og dekorteknikkar på tre.
  • Spikkekurs: Skei.
  • «Dropin» spikkekurs for familiar, born og vaksne.
  • Andre kurs på forespørsel 🙂