Levende pil

Levende pil.

Er du glad i grøne rom, pil og hage? Pil er ei veldig fin plante til hagen, både for vaksne og barn. Eg har litt levande pil til hager kvar vår, og sel levende pil i mars/april / mai så lenge lageret rekk!

PRIS PIL: 15 kr per vidje.

Bestill på på epost til krokvokst@outlook.com

Det beste er om du skriv meg på epost så kan me saman finne ut av kva som er best ifht til ditt planteprosjekt! Som hovudregel sel eg pil til 15 kr stk. Ved bestilling av mykje kan eg gje litt rabatt. Eg har 10 ulike sortar pil, eg gjev råd til val av pil i forhold ditt prosjekt. Vil du sette mange stiklingar til å dyrke pil kan vidjene klippes opp.

Om planting av levande pil:

Pil plantes om våren så tidleg som mogleg, med ei gong tela har gått, og fram til juni.

Pil plantes enkelt ved å stikke levende pilevidjer ned i jorda. Til lange vidjer anbefales 40 – 50 cm plantedybde.

Uansett kva du skal plante av levende pil må du vere klar over at det treng ein del vatning den fyrste sesongen, på jorda men gjerne også direkte på pila, sidan den plantes utan utvikla røtter. Det kan vere fint å gjødsle jorda ved utplanting, men er ikkje nødvendig på ein god vekseplass.

Pil trives veldig godt i dei fleste plassar, men aller best i god jord som ikkje blir for tørr. (så på toppen av ein haug med sandete/steinete jord er kanskje ikkje den beste plassen.) Pil er også glad i mye sol, og er derfor veldig fin å plante for å skape grøne rom, og skygge for leik på sumaren, til dømes rundt ei sandkasse. Pil er eit gamalt fruktbarhetssymbol, nettopp på grunn av den frodige veksten, og veks oftast naturleg langs bekker, elver og innsjøar. Ikkje plant pil oppå gamle vassrøyr, røtene kan med tida vekse seg inn i desse, så sjekk grunnteikningar før planting.

Over: Frå høsting av pil på åkeren i Olledalen, Bø.

Vedlikehald.

For å behalde forma bør gjerder klippes ned kvar vinter når blada har dette av.  På pilehyttene bør dei øverste skudda flettes inn i hytta kvar vinter eller klippes. Pila du klipper av kan plantes til nye prosjekt, eller kanskje du vil prøve deg på kurvfletting eller dekorasjonar?

Over: Dragepil er ein veldig fin plante for dei fyrste biene og instekta på våren med si rike og tidlege blomstring. Dragepil har også ein veldig interessant svingete vekst, og er flott som dekorasjon, og til «wild weaving» fletteprosjekt, som reir osv.

Oversikt/ prisliste

Belgisk gjerde110 – 130 cm høgt gjerde. (Dobbelfletta gjerde: 20 pil per meter)300 kr per meter
Pilehytte  Nok pil til hytte på 2,5 m diameter2500 kr
Portal  16 pil, ca 240 cm250 kr
DragepilEin kraftig vidje/stikling til piletre150 kr stk
 Stiklinger Dyrke eigen pil? Send ein epost til krokvokst@outlook.com5 kr stk

Harlekin gjerde/ Belgisk gjerde.

  • Anbefaler å flette to og to pil saman , både for å få det grønare, og om 1 pil skulle døy står det ein att som kan vekse vidare.
  • Etter nokre år vil pila vekse saman i krysningspunkta
  • Til dobbelfletta gjerde med 20 cm mellomrom mellom kvart par går ca 20 pil til 1 meter gjerde.
  • Plant to og to pil med 20 cm mellomrom på rekke., gjerne 40cm dypt. La annankvart par med pil helle mot venstre, og høgre. Flett pila over og under kvarandre, og bruk gjerne ein hyssing til å knyte pila i krysspunkta, det gjer det lettare å flette, og at gjerdet held fasongen fyrste sesongen før pila gror saman. (Bruk gjerne ein hyssing av naturmateriale som sisal/hamp)
  • Gjerdet kan gjerne klippes kvar vinter for å beholde høgda.
  • Anbefaler å flette gjerde på max 130 cm, og heller la det vekse høgare kvar sesong.

Pris vidjer til Belgisk gjerde (dobbelflett):

Belgisk gjerde ca 100 – 130 cm høgt: 300 kr per meter gjerde.

(vidjer ca 180 – 240 cm, 15 kr per stk, 20 stk per meter. Ved bestilling får du pila i bunter sortert i lik lengde.)

Pilehytte.

  • For å flette ei pilehytte graves det fyrst ei planterenne i ein sirkel på bakken. 2 – 2,5 meter i diameter er fint. På ein plen betyr det at du fjerner graset og løsner jorda under den, slik at du med spett kan lage plantehol til pila som gr 50 cm djupt.
  • Når hytta er planta fyller du på med jord, og gjerne noko bark som jorddekke.
  • Skal du plante til barnehage bør hytta ha to innganger så ingen barn føler seg innestengt.
  • Dei lengste pilevidjene fordeles jevnt i sirkelen, og knytes saman på toppen, la endene bue ned og flett /knyt dei fast til hytta.
  • Plant så dei nest lengst pila og flett dei inn i hytta. Over og under dei fyrste vidjene, litt der det passer. Fortsett slik til dei fleste pila er planta.
  • Til slutt h\kan det vera veldig fint å plantte nokre kortare pil i halvbuer rundt hytta (desse kan stikkes i til sist, ca 20 cm der du bøyer pila og planter enden i 20 cm på andre sida. På denne måte blir hytta grønare heilt nedst også.

Pris:

Eg ser pakker med pil til pilehytter for 2500kr. Da har du nok pil i diverse lengder til hytte på 2,5 m diameter.

Over: Pilehytte rett etter planting i mai, og same hytte i slutt juni

Portal.

Portar er eit vakkert element til hagen, og er lett å plante.

Grav to hol i bakken og bruk spett så du kan stikke pila 50 cm ned. Plant ca 8 lange vidjer i kvart plantehol. Sno pila saman til ein portal, og knyt eventuelt endene fast med ein hyssing.

Pris:

250 kr for ein portal med 16 pil over 250 cm.

Dragepil

Dragepil er ei kjempeflott pilesort, som er spesiell og svingete i veksten, det ser ut som den dansar! Dragepila får også særskild mange gåsunger tidleg på våren, som er både vakkert, og kjærkommen mat til dei fyrste biene og humlene.

Har du ein dragepil har du alltid flotte greiner å dekorere med om våren.

Dette er ikkje ein kurvflettingspil, men fin til å flette «wild weaving», reir og dekorasjonar i enkel krusedullflett.

Plant den ca 50 cm ned i jorda, og klipp den i den fasongen du ynskjer kvar vinter, eller berre lat den vekse fritt til eit vakkert piletre.

Meire inspirasjon:

Fletta tre.

Fletta vil med åra bli eit tre med fletta stamme.

Du treng: 9 lange pil til å flette eit levende piletre.

Plant 9 pil i ein sirkel på ca 30 cm diameter, ca 40 cm dypt. Flett pila til ei flette utan å knekke pila, og knyt saman i toppen. Fyrste året kan det vera fint å knipe av skudda langs stammen slik at fletta blir synleg og treet blir grønt på toppen. Kan klippes ned kvar vinter.

Over: Fletta piletre i Oslo