Ask og Embla

Ask og Embla

Om tre, liv, naturens alltid fornybare og foranderlege kreftar, og menneskets forhold til naturen.

Nokre tema går alltid att i det eg målar. Mykje handlar det om livet, som det utrykkar seg i naturens mangfald, og naturens fornybare og foranderlege kreftar. Samtidig handlar det også om menneskets forhold til naturen. Å gå barbeint er som ei vakker handling, og symbol på det å koma nærare naturen. Å ta av seg på føtene, og verkeleg kjenne etter.

Blandingsteknikk på lerret.
60cm x 80cm.
3300,-kr (SOLGT)

Bileta serien «Ask og Embla» er inspirert frå både naturvitskapelege illustrasjonar, og ein meir sanseleg abstrakt framstilling av naturens formar og eigenskapar. Tematisk har eg tatt for meg menneskets forhold til tre, og brukt den norrøne skapingsmyten som utgangspunkt i bileta. I forteljinga bles Odin, Vilje og Ve liv i to trestokkar på stranda, ein stokk av ask, og ein av alm, og skapte dei to fyrste menneska. Mannen Ask, og kvinna Embla.

Me kan sjå mange menneskelege eigenskapar i trea, å ha røter, få frukt, men også at det er ei tid for kvile og vinter, og atter ei ny vår full av kraft. Slik er det også med oss menneska, til ulike tider i livet. Ideen om at me menneska stammar frå trea er interessant, også med tanke på kor avhengige me er, og historisk sett har vore, av trea.

Bileta Ask og Embla har begge raudlege og blå fargar, og seier kanskje noko am at begge kjønn ber kvinnelege og mannlege eigenskapar i seg sjølv.

Bileta Ask og Embla refererar også til skapingsprosessen ein som kunstnar går gjennom når den målar bilete og noko nytt vert skapt. Bileta har abstrakte element, linjer som flyt, og veks fram i ulike formasjonar og retningar. Det er ein flyt i streken, litt som livet, alt liv er i stadig forandring og bevegelse.

«Embla»
Blandingsteknikk på lerret.
60cm x 80cm.
3300,-kr (SOLGT)
«Ask»
Blandingsteknikk på lerret.
60cm x 80cm.
3300,- kr

Frå atelieret