Sjå meire kunst på denne sida:
www.marifm.no




Les meire lenger ned på sida, og sjekk gjerne ut pågåande kunstprosjekt på mari.fallet.mosand på instagram!
Filmen frå skogen og langs bekken.
Artist statement/ bakgrunn:
«Artist statement» /Bakgrunn
Ville plantar, vatn som flyt, og venger som lyfter sjela.
Bileta er eksperimentelle samtidsakvarellar, fulle av liv, flyt, levande vekstar og ville vesen. Bileta dreg inspirasjon frå dypøkologien, livskreftene, morskap, vatnet, og den evig foranderlege naturen.
Bakgrunn / om bileta.
Elv, kva kviskrar du til meg i dag?
Når eg fekk born byrja eg meir aktivt å snakke med alt levande kring oss. Denne impulsen vart djupare i koronatida når eg gjekk rundt med ei nyfødt jente i armane, eg gjekk gjennom ei skilsmisse, og prøvde å finne ein veg vidare i livet etter mi mors sjølvmord. Eg ville tvihalde på livet! Og det vil eg framleis. Eg kjente meg heldt av alle fuglane som samla seg i dei gamle frukttrea i hagen. Som om vengene deira verkeleg breia seg kring meg og heldt mitt sårbare ville hjarte. Eg byrja prate med fuglane, plantene, elva, eg følte eg fekk nye svar og visdom, og eg sette opp eit alter ved den gamle hengebjørka.
Liv
Det er ein samanheng mellom alt som lever. Denne tematikken er det eg utforskar i bileta. Plantene, insekta, bakteriane, soppen, dyra og fuglane, me er alle ein del av eit biologisk mangfald og samspel. Om me menneske skadar naturen, skadar me også oss sjølve, for me er natur. Bileta er ei utforsking av livskreftene i naturen og i oss menneske, og eg utforskar korleis me er knytt saman i ein større heilskap.
Eg kjenner ei sterk identifikasjon med andre ikkje menneskelege vesen som plantar insekt og dyr. I bileta dukkar det ofte opp ville plantar, kroppar, vatn som flyt, kvinner i mange skikkelsar, spirer, knoppar, røter og jord. Det er eit mangfald av livsformar som alle er knytt saman. I naturen er det økosystema med størst biologisk mangfald som er mest resiliente ovanfor kriser. Likevel dyrkar me mest monokultur på jordene våre, men også i samfunnet og kulturen. Me har så mykje å lære frå naturens mangfald og økosystem.
Alt flyt.
Vatn som flyt er eit symbol og tematikk som går att i bileta. Alt liv er prega av kontinuerleg forvandling, rørsle og transformasjon. Endring er ein grunnleggande del av tilhøvet. Alt levande inneheld vatn. Alt flyt, og me er også vatn. Nokon gangar ei me i ei stille mektig elv, ein djup innsjø, me kan vera regnet som piskar ein kald novemberkveld, ein mektig foss i ein fjord, eller sildrande fjellbekk om våren. Me er havet, eller tåka som legg seg over tjernet i skumringa. Har du tenkt på at tårene du fell kanskje har vore inni magen til reinsdyret? Vatnet er i oss alle.
Teknikk.
Bileta er eksperimentelle samtidsakvarellar med innslag av ink og pastell. Dei flytande vannfargane er eit medium ein ikkje kan ha full kontroll over. For meg er det intuitiv leik, flyt og fridom.
Morskap.
Eg er mor til 3 jenter. I bileta utforskar eg ofte morskap, og det å vere kvinne i dag. Me tar opp potet saman i kjøkkenhagen. Liv Jorunn på 7 held ein mark varleg i handa, og Linnea på 2 snakkar med edderkoppen. Eg tenkjer på alt det skjulte livet som finst i det mørket poteten veks i, at settepoteten har blitt seig og rotnar, mens alle dei nye potetene ligg fine og friske i bytta. Det kan kjennest slik å vere mor. Bakteriane, småkrypa og soppen transformerer settepoteten til ny næring.
Soppen i jorda hjelp trea og plantene å ta opp næring frå jorda. Kjære sopp, hjelp meg med å halde kontakten med alt det levande, du som kan dette best, å transformere det usynlege der nede i komposten.
Jentene er ofte med og målar. Dei skaper kaos, mor ordnar. Det kan også vere omvendt, men borna gjer at eg mistar kontroll, og nett dét er viktig. Total kontroll er døden over eit verk. Og eg tenkjer kunsten skjer der i balansen mellom desse to, orden og kaos. Slik er det i livet også. Men det er mest liv nær kaos.
Livskreftene.
Kva er det som gjer at frøet spirar? Det må vere ei slags kraft der. Det er noko som vil liv. At frøet vil spire. Det er så forunderleg vakkert og magisk.
Me lev på ein levande jord, jorda er ein del av vår eigen kropp, og me er også jorda. Alt heng saman med alt. Livet strøymer ut frå same kjelda, og alt flyt.
Det landar ei raudstrupe på fuglebrettet. Eg elskar denne fuglen. Når eg ser ho lette flyg eg med henne, eg blir henne i tankane, eg flyg vekk frå meg sjølv, og døyr for ein augneblink. Eg lev i denne fuglen, og ein del av denne fuglen vil også bli ein del av mine døtrers kroppar, fordi eg veit at me er skapt av denne jorda, slik mine mors hender var skapt av denne jorda. Eg kan også vera løvetanna, marken i komposten, ein sildrande fjellbekk, eller den gamle rosebusken utanfor døra, full av knoppar. Eg vil berre vente på vårsola, ingenting meir. Suge næring frå den mørke jorda full av usynleg liv. For det er her bileta kjem frå. Eg veit det.
Det kviskrar til meg gjennom jordas skapningar, og eg lengtar etter å snakke med deg, du som også er skapt av denne jorda. Eg vil lytte mens me snakkar saman om det me veit; ljoset er i oss, varmen og kjærleiken.
Kvifor skape kunst i ei verd full av kriser?
Eg tenker det er djupt meiningsfullt å tørre å kjenne etter, føle, vera, og skape noko sårbart og menneskeleg i vår tid. Me er natur. Og me må tørre å kjenne på smerta over korleis me øydelegg naturen og kvarandre. I vårt samfunn er me fanga i ei kjensle av overhengande kollaps, og psykisk paralyse i å annerkjenne det. Å kjenne på økosorg og fortviling i ein slik kulturell setting kan bringe ei kjensle av isolasjon og resignasjon, for den psykiske dissonansen og kontrasten mellom desse kjenslene og «business as usual» er så stor. Det krev eit enormt mot å tørre å føle på vår sårbarheit, men me kan finne fellesskap i kunsten, i bileta eller songen, for kunsten kan det heilt avgjerande; å røre sjela og lyfte den.
Når me tør kjenne og føle på sorga over vår separasjon frå naturen, dukkar det opp fleire kjensler; eit sinne, og til slutt under sorga og smerta: ei lidenskapeleg omsorg og kjærleik. Det er dit eg vil.
I evig takksemd.
Mari
Prosjekt: liv / død syklus:
Djupast sett spring all kunstarbeidet ut frå ei stor kjærleik til livet og naturen. Eg ynskjer at bileta mine skal gjenspegle naturen, ikkje slik den ser ut, men slik den kan kjennest, og korleis dei skapande kreftane i naturen, og i oss, verkar.
Spørsmål eg ofte sirklar rundt er: Kvifor vil det eigentleg alltid bli liv? Og kvifor har denne livskrafta fått så mange ulike formar, visuelt sett, gjennom årtusena?
Prosjekt:
«Liv- død- liv syklusar»
Bileta sirklar rundt temaet liv – død- liv. Ei tilnærming til livskreftene og dødskreftene i naturen og i oss menneske. Bileta har ofte mange lag, og ein kan kjenne att element frå hausten, det som visnar og døyr, slik som kvistar eller vissent lauv. Samstundes har fleire av desse bileta element som frø, som kan hinta om at det finns håp, ei lita kime til nytt liv oppi alt det som forfell i denne årstida. I naturen og i oss menneske er det heile tida ting som døyr og ting som blir født. Om hausten visnar alle plantene, men dei dett også ned og legg seg som ei dyne over alle frøa som ligg og ventar på neste vår.
Bileta i prosjektet er også ein måte å bearbeide døden etter mi eiga mor. Mor tok sitt eige liv hausten 2017, og eg kjem ikkje utanom å snakke om dette som ei drivkraft for å utforske temaet, og om biletskaping som ein måte å skape ein veg vidare i livet. Bileta reflekterer kjensler som fortviling, kaos, og sorg, men også glimt av håp, kjærleik til livet og det skapande, som for meg er ei utruleg livgivande kraft som verkar i naturen og i oss menneske.








