Til Oterholtfossen og andre som treng vern.

Februar 2015: «Midt-Telemark Energi AS søkjer om løyve til å byggje Nye Oterholtfoss kraftverk i Bøelva i Bø kommune i Telemark»
Februar 2015 var denne saka oppe i kommunestyret i Bø kommune, og kommunen vedtok med knapt fleirtal for kraftverk ved Oterholtfossen, som ville legge fossen i røyr.
I denne samanheng la Kristine Søgnen ut utdrag frå fleire av sine dikt på facebookgruppa «lat oterholtfossen bruse!»
Kristines tekst:
Til Oterholtfossen og andre som treng vern.
ei elv
vil du vere med
kome på land att

snart tørr under tyet
det våte
eit minne
kroppane våre ber med seg
ei hinne å møte natta med
eg går så langt inn i skogen
at eg ikkje ser hus meir
det surklar under beina mine
alt rundt meg
supar og drikk
set meg ned
lyer
høyrer den vesle bekken
han finn elva att
frosen lyd
har tina
renn gjennom ope vindauge
fyller rommet til svevnen
i draumane er eg rennande
held fast i skummande vatn
skyene framleis rolege
fortel om komande regn
frå himmelen er det langt ned
no er det heile
sett i rørsle
vatnet finn att si rørlege form
alt flyt
løyser seg opp
byter plass
eg sit lenge
det er meg
bekken renn gjennom
eg kan gå med
eller mot ei elv
Vatnet er eit nærliggjande element å leite etter for ein utflytta vestlending. Det gjev heimslege kjensler å sjå og høyre dette elementet utfalde seg på ulike vis. Lyden av små og store fossar ned langs fjella kringom uansett årstid, kun med varierande lydstyrke. Synet av dei kvite fossane som veks og minkar i breidde og tal alt ettersom kor mykje av det våte som finn vegen ned. Denne lyden som berre er der uansett om auget ser eller ikkje. Øyra som i blinde kan kjenne att årstidene fordi regn silt gjennom lauverk lyer ulikt det som finn vegen gjennom nakne greiner. Då eg flytta til Bø var det denne lyden eg sakna mest av alt: lyden av rennande vatn uansett kvar eg var og overflata til fjorden. Denne vassrette flata som ikkje liknar noko anna auga kan kvile på. Vatnet minner meg på at ingen og ingenting forsvinn. For meg er det kun eit opphøyr av ei mogleg form, for deretter å gå over i ei anna som eg sansar på ulikt vis. Om lag sytti prosent av kroppen min er vatn. Dette vatnet er ikkje det same livet gjennom- det blir kontinuerleg skifta ut. Soleis går eg heilt konkret inn i det krinslaupet vatnet utgjer. Innan djupøkologien er det økologiske sjølvet eit mykje nytta omgrep. Omgrepet rommar ei forståing av mennesket som meir enn eit snevert ego som har kroppen som bustad og grense mot omverda. Det økologiske sjølvet strekkjer seg ut over huda og inkluderer andre menneske og omgjevnadane generelt. Det utgjer ein heilskap som inneber å oppfatte seg sjølv og omgjevnadane som ein heilskap, der ein opplever seg sjølv og verda som likeverdig. Naturen eller verda generelt er alltid ei opplevd eller forstått verd. Utan på ein eller annan måte å vere sansa, opplevd eller forstått, eksisterer det inga verd for oss. Den verda vi er heime i er ei verdilada verd. Og det forpliktar; overfor omgjevnadane, andre menneske og oss sjølve. ”Jäg är jag och min omgivning. Räddas inte min omgivning, sä räddas inte jag.” (Jose Ortega y Gasset).
Med ynskje om eit godt val»
Fossen ligg heldigvis ikkje i røyr i dag. Når eg i februar 2017 fekk overta leige av verkstaden på toppen av denne vakre fossen vart diktet til Kristine eit inspirerande utgangspunkt å ta tak i når eg skulle starte arbeidet i ny verkstad. Fossebruset og krafta derfrå er veldig tilstadeverande, det same er vatnet som eg ser ute gjennom vindauga i verkstaden kvar dag.
Ideen var å skjere ut diktet til Kristine, i ulike fragment der diktet og setningane kunne lesast kvar for seg, men også som eit samla verk. Måten det er hengt opp på inviterar lesaren til å finne si eiga rekkefylgje og samanheng. Verket vart vist på Bøker i Bø arrangementet; Elvetid  ved bålet, Mai 2017.
Diktfragmenta er laga i verkstaden rett over fossen, skjert ut i lind frå kyrkjegarden i Bø, og hengt opp på Kvennøya ved Oterholtfossen. Så dette er verkeleg eit lokalprodusert verk!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *