Skulderveske i neverflett med lær.

kr2,500.00

Nullstill
Varenummer: I/A Kategorier: , ,

Beskrivelse

MÅL: 23 cm lang og 21 cm brei.

Finns med lær i 3 ulike nyansar: svart, mørkebrun og raudbrun. Vel lærfarge frå menyen.

 

Historia bak denne veska:

 

Heile 2021 har eg i Krokvokst dedikert til eit prosjekt der eg vil lære meg meir om never. Om materialet, gamle handverksteknikkar, og kulturhistorisk bruk av never. Eg undersøker gamle gjenstandar, har kontakt med tradisjonsberarar og museer, og eksperimenterer mykje, det er veldig spannande, og eg gler meg til å vise meir frå dette prosjektet etter kvart!

Det fyrste mange tenkjer på når dei høyrer neverflett er konten.

Ein konte er ein ryggsekk fletta av never. Teknikken neverfletting kom mest sansynleg frå Finland via Sverige til Noreg på 1600 talet. Russland og Finland har ei rik tradisjon med neverflett, og neverfletting har hatt størst utbreiing i Sør Noreg der den finske innvandringa var størst. Ordet konte kjem frå det finske ordet kontti, og tyder beholder.

Eg har arbeida med konten , fletta ryggsekker, og arbeida med denne forma for å sjå om eg kunne lære noko, og utvikle eit nytt produkt. Nevera er sanka på sumaren, og lagt i press. Så har eg skjært remser som fyrst er fletta med innsida av nevera (det lysebrune litt meir solide sida) inn i veska. På kurvmakerspråket kallast fletteteknikken planflett. Så er kanten bretta ned og eg flettar vidare oppå det som er fletta igjen slik at innsida på nevera vender ut, og veska til slutt får fire lag never på kvar synlege rute i flettverket. Om du blar vidare ser du nokre prosessbilete frå flettinga og neversankinga.

Mamma hadde ein fletta konte som hang utanfor døra heime på Rauland. Eg hugsar ein gong eg kom heim på besøk, og trong ei bryllaupsgåve til systera til sambuaren min, så eg lurte på om mor hadde noko never liggande heime så eg kunne fletta ein korg til gåve. Me har alltid kosa oss med å lage ting saman. Mor hadde ikkje never den gongen, men ho hadde jo konten, den kunne me rekke opp – så fletta me brødkorg ut av dei gamle neverremsene, og det vart ei fin gåve. Eg synest denne tilgangen til materialer , ombruk og resurrsar er veldig vakkert. Dette reflekterar ei haldning, som hos mor, har vore bevart gjennom generasjonar. Ein tok det ein hadde og gjorde det beste ut av det.

(sjekk ut sangen «alle mann hadde fota», teksten reflekterar veldig godt det eg likar så godt. https://www.youtube.com/watch?v=3Nu1sclKuu4)

Tilbake til konten

Eg hadde lyst til å lage eit produkt med konten som utgangspunkt, men eg ville lage ein litt mindre modell som kunne fungere som skulderveske i staden. Konten har opprinneleg fletta lokk. Min erfaring med konten er at lokket slitest litt på sidene av lokket med tida, og ved å studere konter på digitalt museum blir det tydeleg at dette er eit svakt punkt. I tillegg synest eg det blir litt stivt med fletta lokk, særskild ved bruk av litt solid never. Så eg tenkte det kunne vore fint med lokk i skinn i staden. Eg har bruka vegetabilsk garva restelær til lokk, reimer og detaljar, og synest læret går så fint saman med nevera. Eg synest også det er fint å bruke rester som kanskje elles ikkje hadde blitt brukt. Klikklås, beslag, og eit minimalistisk design gjev veska eit moderne preg.

Ei tøff veske, solid, berekraftig, med røter i gamle tradisjonar.

Tilleggsinformasjon

Farge

Neverveske med svart lær, Neverveske med mørkebrunt lær, Neverveske med raudbrunt lær