Neverboks med lokk i ask

kr1,100.00

5 på lager

Produktnr: 001 Kategorier: ,

Beskrivelse

Neverboks med lokk i ask

Ein unik og miljøvenleg boks til smør, smykker, bunadssylv, mat, eller anna?

Mål:
lengde opning: 11-13cm,
dybde: 5,5cm – 8,5cm,
total høgde: 12cm – 15cm

Ein boks sveipa i never frå Bø i Telemark. Boksen har to lag never, der det ytterste laget er sett saman med ein tradisjonell låseteknikk. Never inneheld betulin, som er kjent for å verke konserverande på matvarer.

Botn er i furu frå Øvrebø og er festa med trenagler. Lokket er laga i ask.

Dette er unike handverksprodukt, så naturlege variasjonar i mønsteret på nevera og trevirket på lokket vil gjere at ingen av boksane er heilt like.

Toler dagleg bruk og vanleg handvask, men må ikkje ligge lenge vatn.

 

Om never:

Never er det ytste laget på stamma på bjørka. Nevera blir sanka på sumaren, på ein skånsam måte slik at treet ikkje døyr. Never har historisk vore høgt skatta her i Norden, og har veldig lage tradisjonar med funn datert heilt tilbake til steinalderen.

Nevera eg nyttar er sanka lokalt i Bø i Telemark. Visste du at noma brukar sveipa neverboksar til smør på den eksklusive restauranten? Never inneheld betulin som verkar konserande på matvarer. Eg trur never kan få ein ny renessanse i våre dagar, fordi det er så solid og haldbart, og eit utruleg godt alternativ til plast!

 

Neversveip er eit gamalt tradisjonshandverk, der ein sveiper never rundt ein mal, og låser nevera ved hjelp av ein spesiell låseteknikk. I tillegg set ein inn eit ekstra lag med never på innsida av boksen /fatet slik at det ferdige resultatet blir solid og haldbart.