Sidebord/ krakk

kr2,500.00

1 på lager

Kategorier: , ,

Beskrivelse

Eit sidebord ved godstolen? Til kaffe, og godboka? Ein fotskammel, eller barnekrakk?

Krakken er laga i heilved or, med bein i ask. Beina har gjennomgåande tapper, med kiler. Setet / bordet har ei lett fasettert overflate med spor etter verktøyet.

 

Mål: Høgde 24 cm, lengde 34 cm, breidde 26 cm.

 

Spikka produkt.

Alle spikka produkta er laga med tre sanka lokalt i Bø i Telemark. Dei er spikka med kjærleik, i hovudsak berre med enkle handverktøy som kniv, sag, øks, skeikniv og bandkniv.

Dei spikka produkta har ei knivskjert overflate, det betyr at dei ikkje er pussa, og spor av skarpt verktøy er synlege på dei ferdige produkta. Ei knivskjert overflate eldast vakkert.

Alle spikka produkt vil ha naturlege variasjonar i form og vedstruktur, då ingen er heilt like.