Krakk i hassel og ask, vevd sete i sjøgras

kr2,800.00

Produktnr: I/A Kategorier: ,

Beskrivelse

Ein krakk i hassel, med vevd sete i sjøgras.

Ein krakk som verkeleg gjer noko med rommet den står i, med tydelege spor frå skogen!

Vel mellom setet 1 eller 2.

Begge krakkene har eit bein som deler seg i to nederst.

Mål: høgde 45cm, sete 45x37cm. Normal sittehøgde vaksen.

Hassel

Krakken er laga i ask og hassel, med utgangspunkt i tre rett frå skogen. Setesprossene (skjult inni setefletten) er i ask, og resten av krakken er i hassel med barken på. Aska er splitta med øks, slik at fibrane fylgjer forma og gjer delane ekstra solide. Så er setesprossene telgja med bandkniv på ein bandkrakk. Ask er eit veldig solid treslag, som passar fint til setet.

Alle sprossene er tørka fyrst, og satt saman med krakkbeina som er i fersk tilstand. Når tre tørker krymper det, og på den måten vil krakkbeina krympe rundt tappana i sprossene, og samanføyningane blir ekstra solide. Ein gamal og genial teknikk for tresamanføyningar, nytta før det vart vanleg å bruke lim.

Tilleggsinformasjon

Sete

nr 1: planflett "herringbone", nr2: planflett firkantar