Lokalproduserte handverksprodukt.

Handlaga produkt er meir enn berre eit produkt. Det er kjærleik, kreativitet, og heilt unikt. Det er produkt der kvar gjenstand fortel ei historie. Ei historie der spor frå skogen, handverkaren og verktøyet framleis er synleg.

Eg vil vere ei motvekt til alt det masseproduserte, og den forureinande produksjonen me ser i dag. Me må i større grad bruke dei naturmateriala me har tilgjengeleg i nærleiken av der me bur, det er så mykje betre for oss sjølve, og for naturen. Samstundes er det gledesfyllt, og det kjennest djupt meiningsfullt å vite kor materiala eg arbeider med kjem frå.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *