Verktøyskit til korgfletting

kr450.00

16 på lager

Beskrivelse

Du treng ikkje mange verktøy til å starte med korgfletting. eg har laga dei det elles ikkje er så lett å få tak i;

Syl i Ask.

Syla er nyttig når du skal legge ksnt, eller tre pila inn i flettverket på ulike måtar. den er også nyttig ved isetting av hank.

Spikka i ask frå Bø som er hardt og solid, og kjem til å vare lenge!

Banketre

Du vil gjerne banke oppå kimningen når du flettar korger, då blir resultatet meire solid og stramt.

Du treng også ei skjærefjøl for å opne staker, til dømes ved flftting av rund bunn. da kan du bruke banketreet, i staden for å hente ei skjærefjøl, veldig kjekt, så er alt du treng av utstyr lett tilgjengeleg i ei korg.

Eg har laga banketre i ulike restematerial.

Sykkelslange.

Ein bit sykkelslange er det beste å bruke til å knyte opp stakene når du flettar, fordi den ikkje sklir av så lett, og den er stor nok til at du lett kan løsne knuten.

Andre verktøy du kjem til å trenge;

– Ein spikkekniv. Anbefaler Mora spikkekniv, den er billig og god kvalitet.

– Ei saks. Anbefaler felco nr 6.