Skogholt

kr2,500.00

2 på lager

Varenummer: 028 Kategorier: , ,

Beskrivelse

To heilt unike neverboksar “skogholt”.

Desse to vart laga i samband med ei kunstutstilling, og er no endeleg til sals.

Boksane kan ha ein bruksfunksjon, men er også fin som kunstobjekt, og skulptur i rommet. Tydelege referansar til skogen og gamle handverksteknikkar.

Boksane er sveipa i never.

Mål: Høgde: 34-35cm, lengde opning: 17-18cm

Om never:

Never er det ytste laget på stamma på bjørka. Nevera blir sanka på sumaren, på ein skånsam måte slik at treet ikkje døyr. Never har historisk vore høgt skatta her i Norden, og har veldig lage tradisjonar med funn datert heilt tilbake til steinalderen.

Nevera eg nyttar er sanka lokalt i Bø i Telemark. Visste du at noma brukar sveipa neverboksar til smør på den eksklusive restauranten? Never inneheld betulin som verkar konserande på matvarer. Eg trur never kan få ein ny renessanse i våre dagar, fordi det er så solid og haldbart, og eit utruleg godt alternativ til plast!

 

Neversveip er eit gamalt tradisjonshandverk, der ein sveiper never rundt ein mal, og låser nevera ved hjelp av ein spesiell låseteknikk. I tillegg set ein inn eit ekstra lag med never på innsida av boksen /fatet slik at det ferdige resultatet blir solid og haldbart.