Ovale korger til sopp/piknik

Dette produktet er for tiden utsolgt og utilgjengelig.

Produktnr: I/A Kategorier: , ,

Beskrivelse

Ovale korger fletta i pilesorten Noir.  fine til piknik/sopptur.

 

To variantar tilgjengeleg nett no:

liten: høgde 18cm, lengde: 36cm, bredde: 27 cm

medium: høgde 24cm, lengde 43 cm, bredde 32 cm.

 

 

Pileflett og korger:

Alle korger er fletta i pil dyrka i Bø i Telemark. Pila er dyrka etter økologiske prinsipp. Ulike sorter pil gjev ulike farger og nyansar på korgene. Korgene er fletta med kjærleik, med bruk av enkle handverktøy, og handverksteknikkar med lange tradisjonar. Korgene er eit veldig godt alternativ til plastpose på butikken for eksempel, dei er solide, og laga heilt utan å forureine naturen.

Dei fleste korgene i nettbutikken har eg berre laga ein enkelt av, så her har du moglegheit til å kjøpe ei korg ingen har maken til. Eg fletter også korger på bestilling etter ynskje: Om du ynskjer ei spesiell korg kan du sende meg ein førespurnad på krokvokst@outlook.com, skriv gjerne noko om form, bruksområde, mål eller fargeynskje, så gjev eg tilbakemelding så snart eg kan. Om du har eit bilete å vise til er det også til hjelp.

Tilleggsinformasjon

størrelse

liten, medium