Neverfat #2

kr900.00

2 på lager

Kategorier: , ,

Beskrivelse

Neverfat til servering av ulik mat. Kan vaskast med for hand, men bør ikkje ligge lenge i vatn.

Fata er sveipa med to lag never, og det er sydd på ein forsterkingskant i tæger (bjørkerøtar).  Botn er i lokal furu, avkapp frå ein båtbyggjarverkstad i Øvrebø.

Eg har lagt ut 6 ulike storleikar i nettbutikken. Her er ei liste over dei ulike typene, i stigande rekkefølge i forhald til storleiken.

#1: lengde 19cm, bredde 17cm, høgde 4 cm.

#2: Lengde 23cm, bredde 17cm, høgde 4,5cm.

#3: Lengde 24cm, bredde 17cm, høgde 6cm

#4: lengde 26-27cm, bredde 19 -20cm, høgde 4,5 – 5,5cm

#5: lengde 22cm, bredde 18-19cm, høgde 9cm.

#6: lengde 26 – 28cm, bredde 19 – 21cm, høgde 8 – 8,5cm.

 

Nr #1 og #2 Passar for eksempel perfekt til servering av heimelaga konfekt eller kanskje flatbrød? Nr 3, 4,5, og 6 passar til mykje forskjellig som brød, rundstykker, eller annan mat, nr 5 og 6 er litt djupare.

Sjølv brukar eg min neversveip til oppbevaring av eteriske oljer, så desse kan ha mange bruksområder!

 

Om never:

Never er det ytste laget på stamma på bjørka. Nevera blir sanka på sumaren, på ein skånsam måte slik at treet ikkje døyr. Never har historisk vore høgt skatta her i Norden, og har veldig lage tradisjonar med funn datert heilt tilbake til steinalderen.

Nevera eg nyttar er sanka lokalt i Bø i Telemark. Visste du at noma brukar sveipa neverboksar til smør på den eksklusive restauranten? Never inneheld betulin som verkar konserande på matvarer. Eg trur never kan få ein ny renessanse i våre dagar, fordi det er så solid og haldbart, og eit utruleg godt alternativ til plast!

 

Neversveip er eit gamalt tradisjonshandverk, der ein sveiper never rundt ein mal, og låser nevera ved hjelp av ein spesiell låseteknikk. I tillegg set ein inn eit ekstra lag med never på innsida av boksen /fatet slik at det ferdige resultatet blir solid og haldbart.