Materialepakke korgveske; Medium. (nettkurs)

kr350.00

31 på lager

Beskrivelse

Alt du treng av pil til å gjennomføre nettkurset korgveske.

Pil dyrka økologisk i Bø i Telemark.

Eg har lagt ved litt meir enn det du treng, slik at du har litt å «gå på». Anbefaler Materialepakka «medium» for fyrste korg. Materialepakka «stor» har litt kraftigare og fleire pil til større korg.

Materialepakka inneheld;

– 4 kraftige pil til ramme. Denne er fersk. (du treng 2)

– 4 bunnstaker

– 35 staker

– 10-20 pil til å flette mellom staker

– 28 pil til kimning. (du treng 24)

– minst 70 pil til sideflett. (dobbel fransk)

Du vil få litt rester av pil, så du kan sikkert flette nokon såpeskåler/ mindre fat av det som blir att etter at du er ferdig med korgveska.

(OBS : Pakka inneheld ikkje lær og nit, då det kan vera individuelle ynskje her. Må kjøpes separat om du vil ha lærreimer med. Vil du lage korg med pinne kan eg legge ved gratis, (bare legg inn kommentar ved bestilling) ellers anbefaler eg å finne «din spesielle pinne» på tur sjølv😉)

Bløytlegging:

Pila er tørr så du må bløytlegge sjølv. (omlag 10 dagar inne eller 2 veker ute. På vinteren opptil 3 veker ute.

Om bileta. 💓

Skal eg vera heilt ærleg vil eg eigentleg ikkje drive på med å selge pil. Det er veldig mykje jobb, hehe. Men eg VIL at du skal få den gode kjenslen av å flette di eiga korg, av vakre naturmaterial! Ja. Det eg kan love er at pila er dyrka med kjærleik og respekt for natur. I takksemd.

Lykke til med fletting!