Historia om ein stol

Det startar i skogen. Eg finn ei passande ask, og spør treet om lov til å felle det. Det seier ofte ja. Så ber eg det med heim, og sager opp stammen i passe lange emne til stolens ulike delar.

Eg lagar sprossene fyrst.

Fyrst vert stokken kløyva med spaltejern til eg får passe tjukke emne til sprossar. Når ein kløyver stokken vil treets fiber fylgje forma. Dette er absolutt ein styrkefordel i motsetnad til  når ein sagar opp materialet på maskin der ein kjem ein til å sage over fibrane i treverket.

Her har eg funne ei krokvekse ask til to bakbein.

Alle sprossene vert telgja med bandkniv på bandkrakken fyrst og så satt til tørk.

Stolryggen og bakbeina er dampbøygd. Desse er fyrst forma til, og så dampa i ei kasse oppå ein kjele med kokande vatn. Etter ca 45 min vert emna bøygd til i ein mal.

Når tre tørkar, krympar det. Dette er utnytta i alle samanføyingane. Stolbeina er laga i fersk tre, og stolen sett saman slik at når stolbeina tørker krympar dei også fast rundt tappane på sprossene som allereie er tørre.

Til slutt oljer eg stolen med linolje og vever eit sete. Alle setene vever eg litt ulike. Kvar stol er heilt unik.

Handlaga produkt er meir enn berre eit produkt. Det er kjærleik, kreativitet, og heilt unikt. Det er produkt der kvar gjenstand fortel ei historie. Ei historie der spor frå skogen, handverkaren og verktøyet framleis er synleg

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *