Smørbokser, lokk måla med jordpigment

kr1,100.00

Nullstill
Varenummer: I/A Kategorier: ,

Beskrivelse

Sveipa neverbokser til smør. Lokket har dekor, og er måla med jordpigment og rå linolje.

 

Mål: høgde 8,5 – 9,5cm, lengde 16-17cm, breidde 10-11cm.

Desse boksene er litt større enn dei andre smørboksene i nettbutikken.

Vel mellom lokk med skjert tekst”smør” eller lokk med karveskurd stjerne.

 

Neverflett

Korga er fletta med remser av never slik at det til saman blir 4 lag never over heile korga. Kanten er sydd saman med tæger (bjørkerøter).

Ei solid korg som vil vare i generasjonar.

Om du treng å vaske korga anbefales normal handvask, med lunka vatn. Toler vatn, men bør ikkje ligge for lenge i vatn, eller vatn over 60 grader.

 

Om never:

Never er det ytste laget på stamma på bjørka. Nevera blir sanka på sumaren, på ein skånsam måte slik at treet ikkje døyr. Never har historisk vore høgt skatta her i Norden, og har veldig lage tradisjonar med funn datert heilt tilbake til steinalderen.

Nevera eg nyttar er sanka lokalt i Bø i Telemark. Visste du at noma brukar sveipa neverboksar til smør på den eksklusive restauranten? Never inneheld betulin som verkar konserande på matvarer. Eg trur never kan få ein ny renessanse i våre dagar, fordi det er så solid og haldbart, og eit utruleg godt alternativ til plast!

Tilleggsinformasjon

Lokk

Med tekst "Smør", Med karveskurd stjerne