Skei i surbjørk #1

kr300.00

31 på lager

Kategorier: , ,

Beskrivelse

 

Skei i surbjørk #1.

Ei skei med vakkert mønster i treverket. Spikka for hand i surbjørk.

Størrelsen på skeia er fin som spiseskei, men kan også bli brukt som teskei. Dette er ein størrelse som passar til litt av kvart om du berre vil ha ei treskei til både middagen, yoghurt eller til å røre i kaffien.

Mål: 17 – 18 cm lang.

Eg har alltid ei treskei i veska, og på den måten har eg ingen behov for eingongsbestikk i plast!

 

Det fins ein serie spikka produkt i surbjørk, her er ei lita oversikt:

  • Skei i surbjørk #1   17 -18 cm,        300kr.
  • Skei i surbjørk #2   17 -18 cm,        350kr. «Turskei med lærreim.»
  • Skei i surbjørk #3   12,5 – 13,5 cm, 280kr. «Teskei»
  • Skei i surbjørk #4   10 -11 cm,        230kr. «Kaffiskei»
  • Skei i surbjørk #5   7,5 -8,5cm,       190kr. «Saltskei»
  • Smørkniv i surbjørk ca 19cm         250kr

Spikka produkt:

Alle spikka produkta er laga med tre sanka lokalt i Bø i Telemark. Dei er spikka med kjærleik, i hovudsak berre med enkle handverktøy som kniv, sag, øks, skeikniv og bandkniv.

Dei spikka produkta har ei knivskjert overflate, det betyr at dei ikkje er pussa, og spor av skarpt verktøy er synlege på dei ferdige produkta. Ei knivskjert overflate eldast vakkert.

Alle spikka produkt vil ha naturlege variasjonar i form og vedstruktur, då ingen er heilt like.