Sitronskål i bjørk

kr350.00

3 på lager

Kategorier: ,

Beskrivelse

Sitronskål spikka i surbjørk som har eit vakkert mønster i treverket. Skåla har tydelege spor frå verktøyet, som gjev den ei interessant fasettert overflate. Undersida av skåla er måla med linolje og jordpigment.

Kan såklart brukast til andre ting som servering av konfekt, urter, småmat…

Mål: Lengde 13 – 15 cm.

Spikka produkt.

Alle spikka produkta er laga med tre sanka lokalt i Bø i Telemark. Dei er spikka med kjærleik, i hovudsak berre med enkle handverktøy som kniv, sag, øks, skeikniv og bandkniv.

Dei spikka produkta har ei knivskjert overflate, det betyr at dei ikkje er pussa, og spor av skarpt verktøy er synlege på dei ferdige produkta. Ei knivskjert overflate eldast vakkert.

Alle spikka produkt vil ha naturlege variasjonar i form og vedstruktur, då ingen er heilt like.