Open oval korg

kr1,700.00

1 på lager

Beskrivelse

Oval korg i pilesorten “bleu”.

Pil dyrka økologisk i Bø.

Fletta med ein variasjon av fransk sideflett.

Fin til piknik, sopptur eller anna. 🌿

Mål:

Høgde 21cm (uten handtak)

Mål Korg ved kanten: 49 cm x 34cm.

🌿🌿🌿

Eg trur allt handverk på ei eller annan måte utstråler “sjel”, på eit vis masseproduserte ting aldri kan. Det gjer godt å vera rundt, og bruke handlaga ting.

Dette er ein ny serie fletta ute ved havet sumaren 2025, eg lover god energi mellom linjene i korga! Denne sumaren har eg fokusert ekstra mykje på tilstedeværelse i flettinga, påvirkning av natur rundt, og eg ville lære og utvikle nokon nye teknikker og design. Eg har valt å vidareutvekle ovale korger inspirert av Katalanske teknikkar, og variere rundt det.

Eg er også gravid, som har gjort annan type jobb litt vanskeleg, men flettinga av korger er veldig takknemlig, og kanskje kjenner eg meg også ekstra knytta til korgene, no som eg også er ein beholder som bærer og rommer. Det er fantastisk å vente nytt liv.🙏🏼

Korgene her er fletta med kjærleik.