Neverboks med lokk i kirsebær

kr1,100.00

Tomt på lager

Kategorier: ,

Beskrivelse

Neverboks til oppbevaring av ulik mat, eller kanskje bunadssøljer? (Kan vaskast for hand, lunka vatn og såpe) men bør ikkje ligge lenge i vatn.

Boksen er sveipa med to lag never, sanka lokalt i Bø i Telemark.  Botn er i lokal furu, avkapp frå ein båtbyggjarverkstad i Øvrebø. Lokket er frå eit gamat kirsebærtre bestefar tok vare på for 40 år sidan(!)

mål: høgde 14cm, opning 13 cm dybde 7cm

 

Om never:

Never er det ytste laget på stamma på bjørka. Nevera blir sanka på sumaren, på ein skånsam måte slik at treet ikkje døyr. Never har historisk vore høgt skatta her i Norden, og har veldig lage tradisjonar med funn datert heilt tilbake til steinalderen.

Nevera eg nyttar er sanka lokalt i Bø i Telemark. Visste du at noma brukar sveipa neverboksar til smør på den eksklusive restauranten? Never inneheld betulin som verkar konserande på matvarer. Eg trur never kan få ein ny renessanse i våre dagar, fordi det er så solid og haldbart, og eit utruleg godt alternativ til plast!

 

Neversveip er eit gamalt tradisjonshandverk, der ein sveiper never rundt ein mal, og låser nevera ved hjelp av ein spesiell låseteknikk. I tillegg set ein inn eit ekstra lag med never på innsida av boksen /fatet slik at det ferdige resultatet blir solid og haldbart.