Müsliboks i neversveip med skei i selje.

kr1,300.00

4 på lager

Varenummer: 038 Kategorier: , ,

Beskrivelse

Ein større sveipa neverboks, med skei. Lokket er laga i kirsebær, og det er plukka ut tre med naturlege hol, slik at handtaket kan stikke ut når lokket er på.

 

Skeia er spikka i selje, og følger med.

 

Mål: høgde 14cm, opning 14-15cm.

Om never:

Never er det ytste laget på stamma på bjørka. Nevera blir sanka på sumaren, på ein skånsam måte slik at treet ikkje døyr. Never har historisk vore høgt skatta her i Norden, og har veldig lage tradisjonar med funn datert heilt tilbake til steinalderen.

Nevera eg nyttar er sanka lokalt i Bø i Telemark. Visste du at noma brukar sveipa neverboksar til smør på den eksklusive restauranten? Never inneheld betulin som verkar konserande på matvarer. Eg trur never kan få ein ny renessanse i våre dagar, fordi det er så solid og haldbart, og eit utruleg godt alternativ til plast!

 

Neversveip er eit gamalt tradisjonshandverk, der ein sveiper never rundt ein mal, og låser nevera ved hjelp av ein spesiell låseteknikk. I tillegg set ein inn eit ekstra lag med never på innsida av boksen /fatet slik at det ferdige resultatet blir solid og haldbart.

Spikka produkt.

Alle spikka produkta er laga med tre sanka lokalt i Bø i Telemark. Dei er spikka med kjærleik, i hovudsak berre med enkle handverktøy som kniv, sag, øks, skeikniv og bandkniv.

Dei spikka produkta har ei knivskjert overflate, det betyr at dei ikkje er pussa, og spor av skarpt verktøy er synlege på dei ferdige produkta. Ei knivskjert overflate eldast vakkert.

Alle spikka produkt vil ha naturlege variasjonar i form og vedstruktur, då ingen er heilt like.