Lita neverkorg til teposer

kr400.00

1 på lager

Varenummer: 037 Kategorier: , ,

Beskrivelse

Passer godt til å oppbevare teposer

Mål: høgde 8cm, opning diameter: 10cm.

Neverflett

Korga er fletta med remser av never, og kanten er sydd saman med tæger (bjørkerøter).

Om du treng å vaske korga anbefales normal handvask, med lunka vatn. Toler vatn, men bør ikkje ligge for lenge i vatn, eller vatn over 60 grader.

 

Om never:

Never er det ytste laget på stamma på bjørka. Nevera blir sanka på sumaren, på ein skånsam måte slik at treet ikkje døyr. Never har historisk vore høgt skatta her i Norden, og har veldig lage tradisjonar med funn datert heilt tilbake til steinalderen.

Nevera eg nyttar er sanka lokalt i Bø i Telemark. Visste du at noma brukar sveipa neverboksar til smør på den eksklusive restauranten? Never inneheld betulin som verkar konserande på matvarer. Eg trur never kan få ein ny renessanse i våre dagar, fordi det er så solid og haldbart, og eit utruleg godt alternativ til plast!