Krakk med rosa kuler

kr2,500.00

1 på lager

Kategorier: , ,

Beskrivelse

Ein heilt unik krakk i bjørk, med rosa kuler på krakkbeina. Setesprossene (skjult inni setet) er laga i ask.

Setet er vevd med sjøgras.

Mål: sete 34x34cm, Høgde: 43cm

Krakken er laga i bjørk og ask, med utgangspunkt i tre rett frå skogen. Kulene er måla med linoljemaling.

Treet er splitta med øks, slik at fibrane fylgjer forma og gjer delane ekstra solide. Så er sprossene og krakkbeina telgja med bandkniv på ein bandkrakk. Dette gjev ei vakker knvskjert overflate, med spor av skarpt verktøy. Sprossene er tørka fyrst, og satt saman med krakkbeina som er i fersk tilstand. Når tre tørker krymper det, og på den måten vil krakkbeina krympe rundt tappana i sprossene, og samanføyningane blir ekstra solide. Ein genial og gamal teknikk for tresamanføyningar, nytta før det vart vanleg å bruke lim.

 

Vil du vite meir om framgangsmåten, sjekk ut denne bloggposten: https://www.krokvokst.no/2020/02/06/historia-om-ein-stol/