Krakk i ask, med vevd sete i sjøgras

kr3,300.00

Tomt på lager

Kategorier: ,

Beskrivelse

Krakker i ask, med vevd sete i sjøgras.

Normal sittehøgde vaksen.

Mål: høgde 47cm, sete ca 44,5 x 36 cm.

 

Ask

Krakken er laga i ask, med utgangspunkt i tre rett frå skogen.

Treet er splitta med øks, slik at fibrane fylgjer forma og gjer delane ekstra solide. Så er sprossene og krakkbeina telgja med bandkniv på ein bandkrakk. Dette gjev ei vakker knvskjert overflate, med spor av skarpt verktøy. Sprossene er tørka fyrst, og satt saman med krakkbeina som er i fersk tilstand. Nåtr tre tørker krymper det, og på den måten vil krakkbeina krympe rundt tappana i sprossene, og samanføyningane blir ekstra solide. Ein genial og gamal teknikk for tresamanføyningar, nytta før det vart vanleg å bruke lim. Ask er eit veldig solid treslag.

 

Vil du vite meir om framgangsmåten, sjekk ut denne bloggposten: https://www.krokvokst.no/2020/02/06/historia-om-ein-stol/