Korg med grønt trehandtak og karveskurd

kr1,100.00

1 på lager

Varenummer: 016 Kategorier: , ,

Beskrivelse

Ei litt spesiell korg fletta i bleu og dix, med eit grønt handtak med karveskurd. Handtaket er måla med grønt jordpigment og linolje.

 

Mål: høgde 20cm, lengde 34cm, breidde 28cm.

 

Pileflett og korger:

Alle korger er fletta i pil dyrka i Bø i Telemark. Pila er dyrka etter økologiske prinsipp. Ulike sorter pil gjev ulike farger og nyansar på korgene. Korgene er fletta med kjærleik, med bruk av enkle handverktøy, og handverksteknikkar med lange tradisjonar. Korgene er eit veldig godt alternativ til plastpose på butikken for eksempel, dei er solide, og laga heilt utan å forureine naturen?

Dei fleste korgene i nettbutikken har eg berre laga ein enkelt av, så her har du moglegheit til å kjøpe ei korg ingen har maken til. Eg fletter også korger på bestilling etter ynskje: Om du ynskjer ei spesiell korg kan du sende meg ein førespurnad på krokvokst@outlook.com, skriv gjerne noko om form, bruksområde, mål eller fargeynskje, så gjev eg tilbakemelding så snart eg kan. Om du har eit bilete å vise til er det også til hjelp.