På salg!

Korg i tre pilesortar

kr750.00 kr500.00

Tomt på lager

Kategorier: , ,

Beskrivelse

Ei korg fletta i tre sportar pil: duggpil, raud belgier og dix.

Mål: diameter opning ca 26cm, 15-22cm dybde, 31cm høg med hank.

Pileflett og korger:

Alle korger er fletta i pil dyrka i Bø i Telemark. Pila er dyrka etter økologiske prinsipp. Ulike sorter pil gjev ulike farger og nyansar på korgene. Korgene er fletta med kjærleik, med bruk av enkle handverktøy, og handverksteknikkar med lange tradisjonar. Korgene er eit veldig godt alternativ til plastpose på butikken for eksempel, dei er solide, og laga heilt utan å forureine naturen.

Dei fleste korgene i nettbutikken har eg berre laga ein enkelt av, så her har du moglegheit til å kjøpe ei korg ingen har maken til. Eg fletter også korger på bestilling etter ynskje: Om du ynskjer ei spesiell korg kan du sende meg ein førespurnad på krokvokst@outlook.com, skriv gjerne noko om form, bruksområde, mål eller fargeynskje, så gjev eg tilbakemelding så snart eg kan. Om du har eit bilete å vise til er det også til hjelp.