Kaffibokser i never.

Dette produktet er for tiden utsolgt og utilgjengelig.

Produktnr: I/A Kategorier: ,

Beskrivelse

Lyst til å oppbevare kaffi på den gamaldagse måten?

kaffien held seg veldig godt i neverboks!

 

Mål:

kaffibokser med lokk i alm: høgde 14,5cm, diameter 11,5

boks med fugl i treet dekor på lokk i bjørk: høgde 13 cm, lengde 14, breidde 11cm.

 

 

Du kan såklart ha urter, mat, eller andre ting oppi!

 

(Kan vaskast for hand, lunka vatn og såpe) men bør ikkje ligge lenge i vatn.

Boksen er sveipa med to lag never, sanka lokalt i Bø i Telemark.  Botn er i lokal furu, avkapp frå ein båtbyggjarverkstad i Øvrebø. Lokket er i Alm.

mål: høgde 14,5cm diameter 11cm

 

Om never:

Never er det ytste laget på stamma på bjørka. Nevera blir sanka på sumaren, på ein skånsam måte slik at treet ikkje døyr. Never har historisk vore høgt skatta her i Norden, og har veldig lage tradisjonar med funn datert heilt tilbake til steinalderen.

Nevera eg nyttar er sanka lokalt i Bø i Telemark. Visste du at noma brukar sveipa neverboksar til smør på den eksklusive restauranten? Never inneheld betulin som verkar konserande på matvarer. Eg trur never kan få ein ny renessanse i våre dagar, fordi det er så solid og haldbart, og eit utruleg godt alternativ til plast!

 

Neversveip er eit gamalt tradisjonshandverk, der ein sveiper never rundt ein mal, og låser nevera ved hjelp av ein spesiell låseteknikk. I tillegg set ein inn eit ekstra lag med never på innsida av boksen /fatet slik at det ferdige resultatet blir solid og haldbart.

Tilleggsinformasjon

type

rund boks med lokk i alm, oval boks med fugl i treet dekor.