Kaffiboks med lokk i kirsebær

kr1,300.00

1 på lager

Varenummer: 041 Kategorier: ,

Beskrivelse

Ein eksklusiv neverboks til oppbevaring av kaffi. Lokket er i kirsebær, og er festa med treplugger. Handtaket har ei unik form.

 

Mål: høgde 17 cm, dybde 11 cm.

Rommer perfekt ein pose med 200g espresso.

 

Om never:

Never er det ytste laget på stamma på bjørka. Nevera blir sanka på sumaren, på ein skånsam måte slik at treet ikkje døyr. Never har historisk vore høgt skatta her i Norden, og har veldig lage tradisjonar med funn datert heilt tilbake til steinalderen.

Nevera eg nyttar er sanka lokalt i Bø i Telemark. Visste du at noma brukar sveipa neverboksar til smør på den eksklusive restauranten? Never inneheld betulin som verkar konserande på matvarer. Eg trur never kan få ein ny renessanse i våre dagar, fordi det er så solid og haldbart, og eit utruleg godt alternativ til plast!

 

Neversveip er eit gamalt tradisjonshandverk, der ein sveiper never rundt ein mal, og låser nevera ved hjelp av ein spesiell låseteknikk. I tillegg set ein inn eit ekstra lag med never på innsida av boksen /fatet slik at det ferdige resultatet blir solid og haldbart.