Blyanthaldar i bjørk

kr850.00

3 på lager

Produktnr: 030 Kategorier: ,

Beskrivelse

Ein blyanthaldar laga i «krympeboks» teknikk.

Eit vakkert minne frå skogen på kontorpulten!

Laga av den nederste delen av stamma på bjørka, som har ei heilt spesiell ru bark.

Mål: Høgde ca 9-10 cm, diameter 9-10 cm.

 

 

Å lage krympeboks er ein gamal teknikk der ein verkeleg utnyttar at treet krympar når det tørkar. Prinsippet er at ein lagar eit rør i ferskt tre, med eit spor til botn. Botn lagar ein i tørt tre, og set det inn i sporet på røret. Når røret tørkar, krympar det, og botn krympar fast i boksen. Lokket lagar ein etterpå.

 

 

Om du vil prøve å lage din eigen krympeboks har eg skrive ein framgangsmåte her: Lykke til!

Framgangsmåte:

  • Kapp ein bit av ei stamme (her bjørk)
  • Bor eit hol gjennom margen
  • Spikk ut årring etter årring frå holet, til boksen er passe tjukk. Ein kan også bruke eit huljern og banke ut større mengde tre om ein er utolmodig med spikkinga.
  • Bruk eit strekmål, og lag eit merke ca 1 cm frå kanten, og eit nytt merke 1,3 cm frå kanten. Spikk ut det som er mellom, slik at det blir eit spor til botnen.
  • Set det ferske røret på ei tynn treplate, og teikn av botnen.
  • Sag ut botn med ei løvsag eller bandsag
  • Spikk botn til slik at kanten er ca 3 mm tjukk. Teikn opp ein midtstrek med blyant fyrst.
  • Set botnen i røret, og la det tørke. Røret vil krympe rundt botnen. Lat krympeboksen krympe sakte slik at ein unngår sprekkdanning. Ein kan seta boksen ut dei fyrste dagane, eller ha ein plastpose på som ein vender kvar dag. Etter ei til to veker er krympeboksen tørka.
  • Lag lokk
  • Finnspikk krympeboksen, kanskje med karveskurd, treskurd, eller mal den med linoljefargar.