Stoler og krakker

Stol i ask med vevd sete.

Ask er eit ordentleg solid og vakkert treslag, og det vert ekstra solid sidan treet er kløyva og forma etter fibrane i stokken. Tappane er krympa fast i stolbeina, i tillegg til liming. Spor frå verktøyet er framleis synleg på den ferdige stolen. Dette er eit kvalitetsprodukt som kjem til å vare lenge!

Stolsetet blir vevd for hand, og eg vever mange ulike mønster på setene.

Her er historia til ein stol:
https://krokvokst.com/2016/09/06/historia-om-ein-stol/

 

Krakk i ask

Denne krakken har normal sittehøgde for vaksen (45 cm)

Veiledende pris: 2500kr

Liten krakk.

Denne krakken er ein kortare variant av krakken over, og vert ofte brukt som fotskammel, barnekrakk eller peiskrakk. Høgde: ca 35cm

Kan bli malt i alle fargar, då eg blandar fargar sjølv. Eg nyttar rå linolje med oljemaling.

Veiledende pris umalt: 1500kr
Veiledende pris malt: 1700kr

Krakk i hassel

Desse krakkane er heilt spesielle då det er nytta hassel med barken på. Alle krakkane vert heilt unike med krokete bein og sprossar. Nokre krakkar har også greinfester. Eit unikt handverksprodukt med tydelege spor frå skogen!

Normal sittehøgde vaksen. (45cm)

Veiledende pris: 2500kr

Seteveving:

Eg vever seter på krakker og stolar for hand i 3 ulike material. Mønsteret i setevevinga kan varierast i det uendelege. Eg restaurerar også gamle stolar eller krakker som treng eit nytt sete.

Tilgjengelege materialer:

– Papirsnøre (brukt mykje i dansk design møblar). Eit solid og flott materiale, stabilt i moderne hjem. Tilgjengeleg i brunt og svart.

– Sjøgress. Vakkert taktilt naturmateriale av tvinna sjøsivaks. (brukt i t.d. jærstolane). Passar best i eldre hus, som ikkje er heilt tette, eller i inneklima med vekslande luftfuktighet. Kan bli litt sprø med åra om den står i tette moderne hjem. Ein kan kompansere ved å legge eit fuktig kjøkkenhandkle på setet over natta om ein synest setet har blitt litt tørt, ein gong i halvåret.

– Sisal: Naturfiber frå ein tropisk agave (Agave sisalana). Veldig slitesterkt! Nytt vevd stolsete kan stikke litt (om ein har på tynne silkekjoler eller liknande) men blir veldig glatt og flott etter eit halvt års bruk.