Velkommen!

 

Velkommen til bloggen om handverk, sløyd, kurvmaking og forming med ulike naturmaterial. Om bærekraftig materialbruk, lokalproduserte bruksgjenstandar, og ikkje minst om skapargleda og ei stor kjærleik til treet og skogen.

Før spikka og formgav alle, av lyst og av kvardagsleg nødvendigheit. Alt vart til i eiga hand, også av den enkle grunnen at det var galskap å kjøpe noko ein like gjerne kunne lage sjølv. I dag har sløyd fått eit nytt innhald. Å skape ved hjelp av øks, kniv, og ferskt tre, i staden for å kjøpe nytt, er som ein måte å vise motstand. Det er for meg ein måte å vera personleg og krokete, når så mykje anna er strømlinjeforma og masseprodusert.

 

Mari Fallet Mosand

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *